Den gode hyrdes kapell

Den gode hyrdes kapell

 

Kart over gravplassen

Historikken

Gravplassen omkring Orkangerkyrkja ble snart for liten, slik at ein måtte sjå seg om etter andre gravplassar, og ein slik høveleg plass fann dei uti Moan. Men det måtte og vera eit høveleg Gudshus på denne gravplassen.

I 1951 fekk formannen i soknerådet fullmakt til å søke arkitekthjelp hos arkitekt John Tverdal i Trondheim. Ein hadde hatt dette i tankane i lang tid og lenge samla inn pengar til dette formålet. Ein hadde til disposisjon omkring kr 51.000,-.

30.september 1952 låg det føre teikningar frå Tverdal til eit kapell, og dette vart same dag godkjent av soknerådet, og heradstyret godkjente planane 8. november 1952.

10. april 1953 oppnemnte heradstyret denne byggenemnda: 
- Pastor Olav Olsen (formann), 
- Petter Antonsen, 
- Sverre Solligård
- Bernt Høyseth. 
Nemnda hadde første møte 22. april 1953, og i juni same året lyste dei ut arbeids-innbyding. I møte 31. juli vart det tilrådd at Tore Lillery skulle bygge kapellet. Og heradsstyret godtok dette.

Den 29. september 1953 begynte bygginga av kapellet, og alt først i oktober var dei ferdig med grunnarbeidet. Dette var eit arbeid som var nøye planlagt, for kapellet skulle også tene som krematorium for distriktet.

Utsmykkingen

Det er Ingrid Kjær som har tatt ut fargane både på interiøret og eksteriøret, og ho har utført all dekorativ utsmykking av kapellet. Ingrid Kiær var dotter til den store norske målaren Fritz Thaulow

Trass i at ho hadde vakse opp i eit fritt kurtstnarmiljø, hadde religionen alltid spela ei stor rolle for henne. Da Ranheim kyrkje brann ned i 1931, vakna kunstnarnamren i henne, og ho laga altertavle og dekorasjonar for den ny kyrkja.

Ho svara villig ja til å ta på seg den kunstnariske utsmykkinga av kapellet på Orkanger, det gjaldt både kyrkjerommet og romma i kjellaren. (Ingrid Kiær budde på Løkken frå 1938.)

I fondveggen måla ho "den gode hyrde" med lamma kring seg. Ho nytta eit Orkdals-landskap som bakgrunn for bildet. Ved sida av tavla måla ho dei fire evangelistane og korset med Kristusmonogram på kvar side.

I takkvelvet ser ein stjemebildet sørkorset.

Engelen over kyrkjeporten er ein nøyaktig kopi av ein engel ho laga for Ranheim kyrkje.

All målinga Ingrid Kjær utførte i kapellet, er halden mest mogleg i norske bondefargar. I kjellaren nytta ho lyse fargar i himmelblått og gull.

Ingrid Kiær rosa pastor Olav Olsen for den gode hjelpa han gav henne i arbeidet med utsmykkinga.

Treskjærerarbeidet, skipet i taket, søylene i koret, lysekronene med mere er utført av Asbjørn Gangås.

Vigslingen 6. mars 1955

Vigslinga av "Den Gode Hyrdes Kapell" gjekk for seg 2. søndag i faste, den 6. mars 1955. Bispen i Nidaros, Arne Fjellbu, heldt innviingspreika.

Biskop Fjellbu sa mellom anna i preika si:

Kunne jeg sette et navn på dette kapellet som vi innvier i dag, ville jeg kalle det "Den Gode Hyrdes Kapell". Kanskje det blir det navnet dere kommer til å bruke i stille stunder, i deres tanker, når båren bæres hit, ditt barn, din ektefelle - til Den Gode Hyrdes Kapell, og så er liksom allerede litt av dødens brodd brutt ... Gud gi at folket herinne fikk kjenne budskapets virkelighet: "Jeg er den gode hyrde", hver gang man møtes i Den Gode Hyrdes Kapell.

Kontaktinformasjon for Orkland kirkelige fellesråd

Avd. Fannrem

Adresse
Blomstervegen 12
7320 Fannrem

Åpningstider
Mandag: Stengt
Tirsdag: 10-14
Onsdag, torsdag, fredag 09 - 14

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

 

Org. nr 923 115 552

 

Avd. Agdenes / Snillfjord

Adresse
Snillfjord kirkekontor: Ågjerdet 8, 7257 Snillfjord 

Agdenes kirkekontor: Harald Grønningens vei 10, 7316 Lensvik

Åpningstider
Åpent etter avtale med sokneprest

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Avd. Meldal

Adresse
Kvamsveien 621
7336 Meldal

(Kommunehuset 3. etasje)

Åpningstider
Tirsdag 10 - 14
Torsdag 10 - 14

Telefon Meldal
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"